Iver Husevåg med familie 1930/31, bak frå venstre: Lovise 1916, Josef 1917, Harry 1919, Agnes 1920, Johan 1922, Sverre 1924, og Dagny 1927 hos faren. Astrid 1928 sit med mora Albertine. Kvinna til venstre framme er ei tenestejente på garden. Seinare fekk Iver og Albertine borna Ivar, Sigmund og Margit. No lever Astrid, gift med Lars Oppedal som døydde for få år sidan. Harry og Johan var dei to som reiste til England 3. juledag 1941. Foto: privat

– Vi ropte hurra tredje juledag i 1941. Vi var glade og tenkte krigsskipa skulle få slutt på krigen

– Dette er forsyne meg ikkje norske båtar, utbraut Harry Husevåg. Han såg den britiske flåten komme sigande inn for Hovden vest av Husevåg og vidare inn Nordfjord. Få timar seinare klatra han om bord eit av marinefartya og drog til England.