Oppmodar kommunane om å søke

– God folkehelse er eit felles ansvar

Så langt i år har Vestland fylkeskommune fordelt over 1,2 millionar kroner til folkehelsearbeid i 13 kommunar. Alle kommunane i fylket kan få inntil 100.000 kroner til slikt arbeid, så lenge dei søkjer innan fristen.

Så langt i år har Vestland fylkeskommune fordelt over 1,2 millionar kroner til folkehelsearbeid i 13 kommunar. Her frå opninga av dagsturhytta på Kletten. F.v. Odd Gunnar Myhre (f.v.), Elin Refvik, Birte Sandal Rikstad og Per Rune Loen.  Foto: Fjordenes Tidende

Nyheter

– Vi oppmodar alle kommunane til å vere om seg og søkje om folkehelsemidlane innan fristen. God folkehelse er eit felles ansvar. Gjennom folkehelsearbeidet vil vi leggje til rette for ei samfunnsutvikling som motverkar sosial ulikskap og fremjar god helse og trivsel, seier Synnøve Stalheim, som er seksjonssjef for plan, klima og folkehelse i Vestland fylkeskommune.

Ifølgje folkehelselova har fylkeskommunane og kommunane hovudansvaret for det breie, samfunnsretta folkehelsearbeidet.

Kommunane kan søkje om folkehelsemidlar frå fylkeskommunen to gonger i året, og den første søknadsfristen var 15. mai. Då fekk 13 kommunar tilskot, blant andre Bergen, Sunnfjord og Bømlo.

Bergen kommune vil bruke pengane til å gjennomføre sommarskuleprosjekt og matpakkekurs for innvandrarar. Begge tiltaka er forankra i kommunale planar retta for å utjamne sosiale helseskilnadar.

I Bømlo kommune skal offentleg tilsette, politikarar og representantar frå frivillig sektor delta på kompetanseheving i metoden «Asset Based Community Developement» (ABCD). Det er ein metode der ein skal finne ut kva ressursar, ferdigheiter og kapasitet som finst hjå innbyggarane, frivillige organisasjonar og lokale institusjonar i lokalsamfunnet. Målet er å skape engasjement hjå ulike aktørar for å jobbe mot felles mål.

Sunnfjord kommune vil bruke folkehelsemidlane til å styrke samarbeid og planlegging på tvers av den nye storkommunen og satse på verdiskaping i nærmiljøet.

15. september er siste frist for kommunane til søkje om midlar til folkehelsearbeidet sitt. Vestland fylkeskommune behandlar innkomne søknadar fortløpande fram til då.

– Målet er at vi får løyvd folkehelsemidlar til så mange som mogleg av dei 43 kommunane våre. Slik er fylkeskommunen med å bidreg til kommunane sitt arbeid med å sikre like moglegheiter for god livskvalitet og helse for alle innbyggjarane i fylket, seier Synnøve Stalheim.