Har sløkt traktorbrannen

Brannvesenet rykte rundt klokka 12.00 måndag ut til ein brann i ein traktor på Langeland ved Nordfjordeid.

Slik ser traktoren ut etter brannen måndag føremiddag.  Foto: Siri Kolseth

Nyheter

Brannen vart raskt sløkt.

Det var ei stund usikkert om brannen kunne spreie seg til ein driftsbygning som stod like ved traktoren, men like over klokka 12.00 opplyste Vest politidistrikt at naudetatane var på staden, og at ein hadde starta sløkking. Dei sa samstundes at det ikkje var fare for at brannen skulle spreie seg.

Brannvesenet rykte måndag ut til brann i ein traktor på Langeland i nærleiken av Nordfjordeid.   Foto: Siri Kolseth