Ferietips i Norges vakraste region

Opplev den gamle handelsstaden

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

Berit Høivik, avdelingsdirektør Kystmuseet, på Vågsberget handels- og gjestgiversted, utstilling Robert A. Robinson, foto  Foto: Fjordenes Tidende

Nyheter

Vågsberget handelsstad er den eldste handels- og gjestegivarstaden i ytre Nordfjord med drift tilbake til 1600-talet. Det er eitt av dei best bevarte og komplette anlegga i landet. Nærleiken til rike fiskefelt gjorde også Vågsberget til den viktigaste handelsstaden fram til slutten av 1800-talet.

Anlegget omfattar krambu, arrestlokale, eldhus, stabbur, gjestgivarhus, sjøhus med eldre båtar, hovedhus og driftshus.

Vågsberget har ope i perioden frå 21. juni til 23. august. Her kan ein få guida omvising i mindre grupper, gå på kafé og handle i museumsbutikken.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.