Sunniva var første passasjer i land

– For meg gjer båtruta at det blir enklare å kome seg heim i helgane

Sunniva Leikanger var første passasjer i land på Stadlandet. At studenten også var den einaste passasjeren på den aller første overfarten fekk berre legg ein minimal dempar på gleda over at ruta mellom Ålesund og Stadlandet no er oppe og gå.

Fyrst i land: Sunniva Leikanger er student i Ålesund. Torsdag var ho den fyrste - og einaste - passajeren som gjekk i land på Stadlandet då den nye ruta hadde sin fyrste tur.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Nyheter

Sunniva, som går på skule i jugendbyen, trekk fram tida det tok som avgjerande for at ruta kan bli ein suksess. For dei som ikkje har førarkort er det nemleg ofte ei tungvint reise.