Er ferdig med å lappe asfalten på vegen på øya

Kinn kommune har hatt som mål å få reparert siste rest av øydelagt asfalt og holer i vegen på Gangsøy etter sommarferien. No er dei ferdige med jobben som dei starta på før sommaren.

Kinn kommune har hatt mål om å få reparert asfalten på Gangsøy, men rakk ikkje over heile prosjektet før sommaren. No er dei ferdige med siste rest av lappejobben. Bildet er frå asfaltarbeid på fylkesvegen i ytre Bremanger.  Foto: Kjell Aga Ulvestad

Nyheter

– Kommunen lappa cirka halvparten av vegen i juni, men grunna svært låg bemanning på vegsektoren i ferietid har det ikkje blitt høve til å fullføre dette, skriv teknisk sjef Frode Ellingsen, i eit svar til ein av personane som har purra på ferdigstilling.