Ferietips i Norges vakraste region

Opplev krigshistoria på fortet

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

  Foto: Fjordenes Tidende

Nyheter

Tongane Fort vart bygd av den tyske okkupasjonsmakta under 2.v erdskrig, men er i dag ei fredeleg og idyllisk perle med ei svært interessant historie.

Festningsverka var bakgrunn for strid under Måløyraidet i romjula 1941, og mykje av anlegget er intakt og tilgjengeleg.

Det er sett opp fleire tavler med kart, bilde og annan informasjon, og heile festningsområdet er urørt, utan hytter og hus.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.