Ferietips i Norges vakraste region

Her kan du lære om lokal krigshistorie

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

  Foto: Svanhild Breidalen

Nyheter

Om ein interesserer seg for historia rundt Måløyraidet og kaptein Martin Linge, er Måløyraidsenteret midt i sentrum av Måløy eit «must». Senteret gir ei grundig innføring i historia rundt Operation Archery, eller Måløyraidet, som skjedde 3. juledag 1941.

Andre etasje er via til historia rundt sjølve Måløyraidet, som føregjekk i gata rett utanfor, med forhistoria, kamphandlingane og verknadene. Tredje etasje i senteret er sett av til kaptein Martin Linge, Kompani Linge og historia rundt ­Shetlandsfarten.

I tillegg til historia om Måløyraidet kan du i år få forteljinga om Tysklandsbrigaden. I fjerde etasje vil det bli opna ei ny avdeling. Grunna restriksjonar knytt til koronautbrotet er det enno usikkert kva moglegheiter senteret har til å gje omvising i grupper, men Måløyraidsenteret støttar seg på retningsliner frå Musea i Sogn og Fjordane. Senteret skal halde ope onsdag til søndag i juni, juli, august og fram til midten av september.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.