Oppmodar alle som har vore i nærkontakt om å halde seg heime denne helga

Kommuneoverlege i Kinn, Jan Helge Dale, oppmodar alle som har vore i nærkontakt med den smitta personen i Måløy om å halde seg heime i karantene før dei får testa seg.

Kommuneoverlegen i Kinn, Jan Helge Dale.  Foto: Fjordenes Tidende

Nyheter

Og med nærkontakt så meiner Dale:

– Den eller dei som har vore mindre enn to meter frå personane som er smitta i meir enn 15 minuttar, eller som har vore i direkte nærkontakt må gå i karantene. Og skulle nokon av desse merke at dei blir sjuke så må dei gå i isolasjon, seier kommuneoverlegen.


Ein person i Måløy er smitta av korona

Ein person som er busett i Måløy fekk påvist korona-smitte fredag. Det stadfestar kommuneoverlege i Kinn, Jan Helge Dale overfor Fjordenes Tidende.


Over helga vil det bli ei utstrekt testing av personar som kan ha vore i nærkontakt, seier Dale.

Men enn så lenge må alle som har vore i kontakt eller som har vore i det private selskapet vere forsiktige.