Ferietips i Norges vakraste region

Besøk Diktarstien og gravrøysene

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

  Foto: Ingrid Haugen

Nyheter

Den folkekjære diktaren Jan Magnus Bruheim budde i Botnane frå 1978 til 1985, og skreiv fleire dikt knytt til konkrete stadar i bygda, som gravplassen, skulehuset og Flôtholmen. Til hans minne er det blitt laga ein kultursti gjennom flott natur med informasjonsskilt og utvalde dikt på stadar som hadde betyding.

På gardane Sørbotten, Øvrebotten og Nordbotten i Botnane ligg det også åtte gravrøyser, fleire av dei lett synlege frå bådevegen og skipsleia. Gravene er datert frå eldre bronsealder, kring 1800 – 1000 f. Kr.

Desse kystrøysene er mellom dei fremste kulturminna frå bronsealderen som er bevart i Norge, og dei er også i god stand etter meir enn tre tusen år. Den største har eit tverrmål på 36 meter, medan den minste er på 14 meter.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.