Ferietips i Norges vakraste region

– Det er eit stort område som kan utforskast i lang tid

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

  Foto: Kjell Askeland

Nyheter

Ein spennande og kort familietur. Det er ikkje mange høgdemeter å gå, og turen ut til fortet er ikkje lengre enn ca. 1,5 km frå tunnelopninga (Skatestraumtunnelen) på Rugsundøy.

Her vil ein kunne lese litt om den spennande krigshistoria til Tongane fort. For barn er det gøy med kanonane og alle bygningar og bunkersar ein kan gå og krype inni. Det er eit stort område som kan utforskast i lang tid.

Denne turen kan absolutt tilrådast også for den som ønsker ein lengre tur.

Det er merka til Rugsundøy, og på toppen av øya vil ein ha ei fin utsikt.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.