No har dei fått sin første kunde i landindustrien

Vidareutviklar etterspurd sløyemaskin til bruk på land

Rugsund-bedrifta Havfront har sidan 2016 levert «verdas minste sløye- og kappemaskin», Loppa, til kvitfiskflåta. No har dei vidareutvikla maskina for å tilpasse den til landindustrien.

Tenker nytt: Dagleg leiar Marius Strømmen (t.v) saman med sløye- og kappemaskinen LOPPA i mars 2019.  Foto: ARKIVFOTO

Nyheter

– Loppa100 har vore i næringa i fire år, og Havfront har levert 35 maskiner som no får gode tilbakemeldingar frå alle fartøy. Det er vi stolte over, seier utviklar og prosjektleiar Oddbjørn Gudmundsen.