Branntilløp i ventilasjonsanlegget gav full utrykking til klubbhuset

Alle naudetatane rykka søndag ut til klubbhuset på Måløy stadion.

  Foto: Marianne S. Rotihaug

Nyheter

– Det var eit branntilløp i ventilasjonsanlegget, men det utvikla seg ikkje vidare, fortel innsatsleiar Morten Hagen til Fjordenes Tidende.

Naudetatane fekk melding om røyklukt frå klubbhuset frå ein tipsar rundt klokka 11.20. Brannvesen, ambulanse og politiet rykka alle ut til Måløy stadion.

  Foto: Marianne S. Rotihaug

– Både brannvesenet og politiet er på plass og sjekkar ut meldinga, opplyser Jan Gunnar Holvik ved alarmsentralen til Fjordenes Tidende klokka 11.30.

  Foto: Marianne S. Rotihaug

Brannvesenet gjekk gjennom både barnehagen og klubbhuset utan å sjå flammar, og det viste seg at røyklukta og røyken kom frå ventilasjonsanlegget der det har vore eit branntilløp, som har slått seg sjølv ut.

– Det blir vakthald her i nokre timar, seier Hagen til Fjordenes Tidende rundt klokka 11.50

  Foto: Marianne S. Rotihaug