Par i hjarte – par på jobb. Ekteparet Anne og Svein har jobba i lag i 40 år, og gir seg ikkje med det første

Det blir ofte slått stort opp når ein person jobbar på den same arbeidsplassen i lang tid. Og for den som held ut med same arbeidsgivar i 40 år vankar det gjerne heider og ære. Ekteparet Svein og Anne Venøy tek det eit steg lenger – dei har både jobba på same stad og budd i lag i 40 år.

Sit på lang erfaring: Anne og Svein Venøy frå Flatraket kan sjå tilbake på eit langt og yrkesaktivt liv. I 40 år har dei jobba på same arbeidsplass, og fleire skal det bli.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Nyheter

Men Anne og Svein sjølv ser ikkje på det som nokon bragd. På spørsmål frå Fjordenes Tidende om vi kunne få kome og lage ein reportasje, var svaret like enkelt som paret er audmjuke: «Du kan no sikkert kome og lage ein liten notis».