Fekk du med deg desse sakene?

Saker om vêr, virus og vindkraft er mest lest denne veka

Saker om vinden sine herjingar, koronasmitte i Kinn og Stad og vindkraftutbygging på Stadlandet har vore populære hos fjt.no-lesarane denne veka.

Ein varebil vart tatt av eit kraftig vindkast på Kråkenesfjellet fredag.   Foto: Torfinn Kråkenes

Nyheter

Det har vore ei vindfull veke på kysten, og svært mange ville lese om vinden sine herjingar på Vestkapp. Vinden tok med seg to benkar på flygetur og knuste eit vindauge i restauranten.


Stormen herja med den vêrutsette restauranten i natt

Slik såg Vestkapp Restaurant ut etter at den første hauststormen raste over det vêrutsette platået i natt.


Saka om at eit vindkast tok tak i ein varebil på Kråkenesfjellet fredag ettermiddag ville også lesarane få med seg.


Kraftig vind på kysten

Varebil vart tatt av vindkast

Ein varebil vart fredag ettermiddag tatt av eit vindkast på Kråkenesfjellet.


Mange lesarar ønskte også å lese saker om korona. Torsdag kom meldinga om at ein NRK-tilsett i Førde var sett i karantene, og at mykje tyda på at smitten kom frå eit familieselskap i Måløy. Som ei følge av dette vart mellom 55 og 60 personar i Måløy-området er sett i karantene.


Har satt nær 60 måløyværinger i covid-19-karantene etter familieselskapet

Kommuneoverlege Jan Helge Dale i Kinn sier at mellom 55 og 60 personer i Måløy-området er satt i karantene etter at mye tyder på at et familieselskap i Måløy er smittekilden til en positiv covid-19 prøve i Førde.



NRK-ansatt i Førde har fått påvist covid-19

Mener smitten kan spores til familieselskap i Måløy

En NRK-ansatt i Førde har fått påvist korona. Kommuneoverlegen i Sunnfjord mener mye tyder på at vedkommende ble smittet i et familieselskap i Måløy.


Ein innbyggjar i Stad kommune fekk fredag kveld melding om at koronaprøva var positiv. Som ein følge av dette ber kommuneoverlegen innbyggjarane vere spesielt nøye med smitteverntiltak i tida framover.


Ein person har fått påvist smitte

Kommuneoverlegen ber innbyggjarane vere spesielt nøye med smitteverntiltak i tida framover

Ein person i Stad kommune har fått påvist koronasmitte.


Vindkraftutbygginga på Stadlandet har også skapt engasjement, både blant lesarar og nei- og ja-folk på Stadlandet. Temaet har skapt splid i bygda, og denne veka tok stadsar Stig Ervik eit oppgjer med det harde klimaet.


Reagerer på debattnivået i vindkraft-saka

Tilsette får slengt «Judas» etter seg på butikken. – Det er skremmande korleis folk oppfører seg

Reiar og hotelleigar, Stig Ervik, vel å stikke hovudet fram for å få slutt på det han meiner er eit knallhardt og usakleg debattnivå på grunn av vindkraft-saka på Stadlandet.


Laurdag vart det arrangert eit møte for å skape felles grunn mellom dei to leirane.


Samla ja- og nei-folk

– Møtet var positivt for bygda

Marita Aarvik håper at møtet for samhald på Stad kan vere ei byrjing til noko meir i vindkraftsaka.