Fryktar dyrare ferjebillettar og færre avgangar

– Det kjennest som at ferjeopprøret er i ferd med å blusse opp att

Pengemangel kan føre til bortfall av ei rekkje ferjeavgangar i Møre og Romsdal.

Pengemangel kan føre til bortfall av ei rekkje ferjeavgangar i Møre og Romsdal.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Rasande pendlarar og øybuarar protesterte mot dyrare ferjebillettar i vinter. No foreslår Møre og Romsdal fylkeskommune å droppe ferjeavgangar i ei rekkje samband for å spare 20 millionar kroner. Det melder NRK Møre og Romsdal.

Joachim Orvik starta ferjeopprøret i Møre og Romsdal då politikarane vedtok å auke billettprisane. Han likar ikkje at innbyggjarane og næringslivet nok ein gong skal bli ramma.

– Det kjennest ut som at ferjeopprøret er i ferd med å blusse opp att. Det er langt frå over, seier Orvik. Han er bekymra og meiner det er uakseptabelt å kutte i tilbodet, seier han til NRK.

Seksjonssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune, Jesper Wiig, seier at dei vil skjerme dei reisande mest mogleg, men at det med så store innsparingar er umogleg å få til utan at nokon vil merke det.