Her kan det bli nasjonal pilotrute

– Dette vil bli det viktigaste samferdselstiltaket i vår del av fylket sidan hurtigbåtane kom på 70-talet

Vestland fylkeskommune arbeider no med utlysing av nye hurtigbåtanbod frå mai 2022. Ruta Florø-Måløy/Selje siglar opp til å bli nasjonal pilotrute for det første hydrogendrivne hurtiggåande passasjerfartøyet i Norge.

Vestland fylkeskommune arbeider no med utlysing av nye hurtigbåtanbod frå mai 2022. Ruta Florø-Måløy/Selje siglar opp til å bli nasjonal pilotrute for det første hydrogendrivne hurtiggåande passasjerfartøyet i Norge. Her hurtigbåt med hydrogenbasert energisystem. Design ved Brødrene Aa. 

Nyheter

Onsdag 16. september skal Hovudutval for samferdsel og mobilitet handsame fylkesrådmannen i Vestland si tilråding til vidare prosess i arbeidet med utlysinga: I tilråding står det mellom anna: «For å sikre ei rask innfasing av hydrogendrivne hurtigbåtar må designarar, systemintegratorar, verft, energileverandørar og operatørar konkretisere sine tekniske konsept fram til ei mogleg førehandsgodkjenning frå tryggleiksmynde. Eit pilotfartøy må byggjast slik at teknologien kan demonstrerast før endeleg tryggleiksgodkjenning.»