Vil ikkje godta utsetting

– For næringslivet langs kysten er det heilt avgjerande at kystvegen vert realisert

Randi Humborstad i Måløy Vekst og Bjørn Hollevik i Flora Industri- og næringsforening oppmodar politikarane i finansutvalet om å ikkje følgje tilrådinga om å sette Svelgen-Indrehus på vent.

Randi Humborstad i Måløy Vekst og Bjørn Hollevik i Flora Industri- og næringsforening oppmodar politikarane i finansutvalet om å ikkje følgje tilrådinga om å sette Svelgen-Indrehus på vent.   Foto: Gjert Myrestrand

Nyheter

– For utviklinga av næringslivet langs kysten, så er det heilt avgjerande at kystvegen frå Måløy, via Svelgen, til Florø, vert realisert; og at ein no ikkje utsett realiseringa av første prosjekt som er fv. 614 Svelgen-Indrehus. Prosjektet hadde i tillegg førsteprioritet i Sogn og Fjordane sin regionale transportplan 2018-2022, skriv Humborstad og Hollevik i eit brev til hovudutval for samferdsle og mobilitet i Vestland fylkeskommune og fylkesutvalet i Vestland fylkeskommune.