– Kontantstøtta har ikkje gått ut på dato

Forbundsleiar Aina Alfredsen Førde sende måndag ut eit brev til alle partia på Stortinget. Norges Kvinne- og familieforbund meiner kontantstøtta er ei viktig støtte for dei foreldra som ønskjer å vere heime eit år ekstra til barnet er to år.

Forbundsleiar Aina Alfredsen Førde har måndag sendt ut eit brev til alle partia på Stortinget. Norges Kvinne- og familieforbund meiner kontantstøtta er ei viktig støtte for dei foreldra som ønskjer å vere heime eit år ekstra til barnet er to år.  Foto: Ingrid Elisabeth Haugen

Nyheter

– Kvifor skal det heile tida vere kva som er best for velferdsstaten? Kva med å snu det til kva som er best for barnet? Det kostar kanskje litt ekstra for velferdsstaten med eit år kontantstøtte, men kva får velferdsstaten igjen for dette seinare? skriv Alfredsen Førde i brevet.