– Pilotrute for hurtigbåt må inkludere Selje

Varaordførar Siri Sandvik (Ap) og utvalsleiarane Geir Årvik (H) og Gunn Sande (Sp) i Stad meiner den vidare prosessen med pilotrute må dekke strekninga Florø-Selje, og ikkje berre Florø-Måløy.

Varaordførar Siri Sandvik (Ap) og utvalsleiarane Geir Årvik (H) og Gunn Sande (Sp) i Stad meiner den vidare prosessen med pilotrute må dekke strekninga Florø-Selje, og ikkje berre Florø-Måløy.   Foto: Marianne S. Rotihaug

Nyheter

– Vi vil på det sterkaste understreke at det i den vidare prosessen må leggast opp til at dei omtalte pilotrutene med nullutslepps-fartøy med Florø som base, må dekke strekninga Florø-Selje – slik det også ligg til grunn i tidlegare politiske vedtak i saka – og ikkje berre Florø-Måløy, skriv dei i brevet til samferdsleutvalet og fylkesutvalet i Vestland.