160.000 i partistøtte er fordelt, men ikkje utan ein kamp om å spare desse pengane

– Vi kan ikkje vere kjipe på noko og så grafse til oss på noko anna. Her må det vere liv og lære

Geir Oldeide (Raudt) prøvde å mane til økonomisk fornuft ved å kutte den samla partistøtta på 160.000 kroner i år, grunna Kinn kommune sin økonomiske situasjon.

Geir Oldeide (Raudt) prøvde å mane til økonomisk fornuft ved å kutte den samla partistøtta på 160.000 kroner i år, grunna Kinn kommune sin økonomiske situasjon.   Foto: Gjert Myrestrand

Nyheter

– Vi har ein pressa økonomisk situasjon. Vi meiner det ikkje bør betalast ut kommunalt tilskot til partia i år. Vi må stramme inn også når det gjeld oss sjølve. Vi får støtte gjennom fylkesmannen også. Vi kan ikkje vere kjipe på noko og så grafse til oss på noko anna. Her må det vere liv og lære, sa Geir Oldeide til kommunestyret i Kinn, og ville med det kutte heile budsjettposten.

Det fekk reaksjonar.

– Då blir det vanskeleg å drive politikk i Kinn, spesielt i den nye kommunen med avstandar og pendlarveg. SV vil heller ha ein debatt i budsjettet om å auke denne støtta, sa Jon Valur Olafsson.

– Ap har behov for desse pengane, som er fordelt etter ein fornuftig nøkkel, sa Anders Ola Sunnarvik (Ap).

Jacob Nødseth (V) meinte dette var symbolpolitikk av Raudt utan noko sakleg formål. Det fekk reaksjonar frå Frank Willy Djuvik (Frp) som meiten ein skulle tenke seg godt om før ein omtalte andres prioriteringar som økonomisk populisme. Henvisninga til saka som kjem seinare på agendaen, om politisk organisering, var det ikkje gjort noko forsøk på å skjule.

Framlegget til Raudt fekk berre partiet sine eigne stemmer, i tillegg til ei frå Sp.

Tilskot og partistøtte i Kinn kommune for 2020 ble dermed fordelt 9/10 som stemmestøtte og 1/10 som grunnstøtte. Om ein legg til grunn same fordelingsnøkkelen i Kinn kommune, lik den statlege støtta som partiene i kommunene får, vert fordelinga for 2020 slik:

Grunnstøtte 1/10 = kr. 16.000 : 9 parti = kr. 1.778,- pr. parti.

Stemmestøtte 9/10 = kr. 144.000 : 8200 stemmer = kr. 17,56 pr. stemme:

Om ein legg til grunn same fordelingsnøkkelen i Kinn kommune, lik den statlege støttasom partiene i kommunene får, vert fordelinga for 2020 slik: Grunnstøtte 1/10 = kr. 16.000 : 9 parti = kr. 1.778,- pr. parti.Stemmestøtte 9/10 = kr. 144.000 : 8200 stemmer = kr. 17,56 pr. stemme.