Bestemte ny godtgjersle til alle utvalsleiarar, men ikkje varaordføraren

Fleire hadde innvendingar mot det nye godtgjersleregulativet då det blei lagt fram for kommunestyret i Kinn i dag. Frp uttala at dei ville stemme imot alle forslag ettersom dei meinte at denne saka ikkje burde bli behandla tysdag.

Fleire hadde innvendingar mot det nye godtgjersleregulativet då det blei lagt fram for kommunestyret i Kinn i dag.  

Nyheter

Men først fall SV sitt forslag om å utsette saka. Deretter fall det same partiet sitt forslag om at utvalsleiarane skulle ha same godtgjersle som dei har no fram til varaordførar si godtgjersle er avklart. SV, MDG og fem frå Senterpartiet stemte for dette, men resten stemte imot.