Ny politisk organisering av Kinn er vedtatt, men ikkje utan ein god del kjeft frå talarstolen

Med 20 mot 19 stemmer sa kommunestyret ja til ny politisk organisering av Kinn kommune. Høgre, Venstre og Arbeidarpartiet, dei nye samarbeidspartia, stemte for. Resten imot.

20 mot 19 sa kommunestyret ja til ny politisk organisering av Kinn kommune. H, V og Ap, dei nye samarbeidspartia, stemte for. Resten imot.   Foto: Gjert Myrestrand

Nyheter

Jan Arve Midtbø (Sp) starta med ein tordentale der han var både skuffa og sviken.

Frank Willy Djuvik (Frp) kalla det uetisk og ei snikinnføring av parlamentarisme. Daniel Henriksson (Raudt) kalla det ein «veldig uheldig praksis».

– Eg er først og framst skuffa over at Ap har latt seg presse til fordeling av høgt betalte utvalsleiarar. Det tek seg ikkje ut, sa Gustav Nydal (KrF).

– Ap, V og H har gjort ein kjempeinnsats for å auke motstanden mot denne kommunen endå meir, sa Geir Oldeide (Raudt)

Silje Ødegård Standal (Ap), Jan Henrik Nygård (V) og Jacob Nødseth (V) var på talarstolen med forsvarstaler for grepet dei har gjort, men meir innhald i deira nye plattform blei etterlyst.

Voteringa enda 20-19, som forventa.

Personvalet til utvala blei som følger:

Helse-, sosial og- omsorgsutvalet

Leiar: Arlene Vågene (H)

1. nestleiar: Ronny Cassells (Ap)

2. nestleiar: Hilmar Eliasson (V)

Stine Kråkenes Øvrelid (Ap)

Ørjan Kvalheim (H)

Jan Arve Midtbø (Sp)

Miriam Nesje (Frp)

Marie Kronen Tveranger (R)

Jon Valur Olafsson (SV)

Plan-, miljø- og næringsutvalet

Leiar: Jacob Nødseth (V)

1. nestleiar: Kristian Skibenes (H)

2. nestleiar: Lars Terje Standal (Ap)

Trine Hovland (H)

Bente Nygård (Ap)

Randi Aare (Sp)

Asgeir Solheim (Sp)

Roy Husevåg (R)

Kine Nygård (MDG)

Oppvekst- og kulturutvalet

Leiar: Leif Magne Gil (Ap)

1. nestleiar: Anett Berg (H)

2. nestleiar: Edvard Iversen (V)

Bengt Solheim Olsen (H)

Doris Christensen (Ap)

Torgunn Eikevik (Sp)

Fredrik Smiley Egeberg (Sp)

Hege Chatrine Brandsøy (R)

Ingrunn Frøyen (SV)

Klagenemnda

Leiar: Jacob Nødseth (V)

Nestleiar: Lars Terje Standal (Ap)

Trine Hovland (H)

Randi Aare (Sp)

Roy Husevåg (R)

Samferdsleutvalet

Leiar: Vidar Grønnevik (H)

Nestleiar: Vivian Nordstrand (V)

Kim Gunnar Jensen (Ap)

Marianne Kvamme (Sp)

Gustav Johan Nydal (KrF)