Følg møtene i Vestland fylkeskommune

Framtida til Kystvegen og tilbod ved den vidaregåande skulen ligg på bordet

Vestland fylkeskommune må spare pengar og nokre av tiltaka er å utsette Svelgen-Indrehus som er ein viktig del av Kystvegen, samt å kutte i YSK/TAF-tilbodet og i driftstilskotet til fagskulane.

Vestland fylkeskommune må spare pengar og nokre av tiltaka er å utsette Svelgen-Indrehus som er ein viktig del av Kystvegen, samt å kutte i YSK/TAF-tilbodet og i driftstilskotet til fagskulane.   Foto: Erling Wåge

Nyheter

Fylkesrådmannen ønskjer å utsette bygginga av Svelgen-Indrehus til 2024, og løyver fem millionar kroner då. Dette betyr i praksis at det er neste fylkestingsperiode som må ta stilling til saka. Denne saka skal handsamast av hovudutval for samferdsel og mobilitet onsdag, og her kan du følge møtet, som startar klokka 09.00


Fylkesrådmannen vil utsette prosjektet

Han krev byggestart neste år

Fylkesrådmannen ønskjer å utsette bygginga av Svelgen-Indrehus til 2024, og løyver fem millionar kroner då. Dette betyr i praksis at det er neste fylkestingsperiode som må ta stilling til saka.



Vil ikkje godta utsetting

– For næringslivet langs kysten er det heilt avgjerande at kystvegen vert realisert

Randi Humborstad i Måløy Vekst og Bjørn Hollevik i Flora Industri- og næringsforening oppmodar politikarane i finansutvalet om å ikkje følgje tilrådinga om å sette Svelgen-Indrehus på vent.


Eit totalt innsparingsbehov på 82,4 millionar kroner innan opplæring og kompetanse har gjort til at fylkesrådmannen i Vestland føreslår kutt i YSK/TAF-tilbodet, tilskotet til fagskulane og miljøkoordinatorar. I dag får politikarane saka på bordet, og du kan følge møtet her. Møtestart er klokka 09.00.


Reagerer på kuttforslag

– Disse elevene er en viktig ressurs for næringslivet vårt

Måløy Vekst reagerer på fylkesrådmannen sine forslag om kutt i YSK/TAF-tilbudet og kutt i driftstilskuddet til fagskolene.



Førselår kutt i YSK/TAF og fagskulane

– Mange av desse kuttforslaga er veldig uheldige, og vi jobbar intenst med å finne rom for kanskje å unngå ein del av dei

Eit totalt innsparingsbehov på 82,4 millionar kroner har gjort til at fylkesrådmannen i Vestland føreslår kutt i YSK/TAF-tilbodet, tilskotet til fagskulane og miljøkoordinatorar.