Kommunen får fire millionar til breibandsutbygging

Hovudutval for næring vedtok onsdag å dele ut midlar til å delfinansiere breibandutbygging i område der utbygging ikkje er kommersielt lønsamt. Til saman 11 kommunar får 36 millionar kroner.

VIKTIG SATSING: - Dette er ei stor og viktig satsing som vil føre til kraftig betring av den digitale infrastrukturen i fylket, seier Tor André Ljosland som er leiar i hovudutval for næring.   Foto: Foto: Shutterstock.

Nyheter

Stad kommune er blant kommunane som får midlar, 2.075.000 kroner til Kjølsdalen og 1,8 millionar til det som fylkeskommunen kallar «restområde i Stad».