Leitar etter nye leigetakarar, men vurderer sal: – Huset har ikkje godt av å stå tomt

Eigarane av Doktorgarden i Selje, Torkjell Djupedal og Anna Kjemphol, har ikkje funne nokon som vil ta over drifta etter at Storm på Stad AS gav seg i slutten av august. No vurderer dei ulike alternativ.

Torkjell Djupedal og Anna Kjemphol eig Doktorgarden i Selje. No håpar dei at nokon viser si interesse for bygget - enten i form av leige eller om nokon kjøper det.  Foto: Fjordenes Tidende

Nyheter

Sidan dei kjøpte bygget for ni år sidan er det ulike konstellasjonar som har drive det unike overnattings- og kafébygget like utanfor sentrum i Selje.