Vegen er stengt etter jordras

Fylkesveg 5852 er stengt medan dei ryddar vegen. Bildet er meint som illustrasjon og viser ikkje raset som blir omtalt i saka.  

Nyheter

Fylkesveg 5852 mellom Åram og Koparnes ferjekaier er stengt på grunn av eit jordras som har gått i løpet av natta. Vegtrafikksentralen Midt opplyser at ein kan køyre om via Fiskå og Hakallestranda.

Vegtrafikksentralen fortel at entreprenør er på veg til staden.