– No må vi ikkje sleppe trykket på gassen før startløyvinga er på plass

Fylkesstyremedlem og vara til sentralstyret i Senterpartiet, Erling Sande, oppmodar lokalpolitikarar i regionen om å ta kontakt med sine sentrale politikarar for å få på plass startløyvinga til Stad skipstunnel.

Fylkesstyremedlem og vara til sentralstyret i Senterpartiet, Erling Sande (t.h.), oppmodar lokalpolitikarar i regionen om å ta kontakt med sine sentrale politikarar for å få på plass startløyvinga til Stad skipstunnel. Her med Trygve Slagsvold Vedum.  Foto: Privat

Nyheter

– No er det ei skjebnetid for tunnelen. Sjølv om det har kome nokre positive signal, så må vi ikkje lene oss bakover. Vi må ikkje sleppe trykket på gassen før startløyvinga har kome, seier Sande, og viser til at det er nokre veker att til statsbudsjettet blir lagt fram.