Lite viste ungguten den gong, at han tolv år seinare sjølv skulle ikle seg uniform og gå inn i den ukjente piloten sitt land, som ein del av Tysklandsbrigade 522.

Totalt 50.000 nordmenn var ein del av dei fredsbevarande styrkane etter krigen. Formålet var å hindre oppblussing av krigen, og for å «vise seg» for dei framstormande russarane.

Fjordenes Tidende møter den spreke 88-åringen heime på den same garden 68 år seinare. På stovebordet har han lagt fram fleire bilete frå tida i det krigsherja landet.

Han minnest eit folk som ligg langt unna det mange tenkte om okkupantane under dei fem åra med krig i Norge.

Album: Svein har eit rikhaldig album med bilete frå tida i Tyskland. Mellom to permar har han samla eit unikt innblikk i tida som han og 50.000 andre nordmenn var ein del av. Foto: Bjørn Erik Drabløs

– Dei var vanlege folk som ikkje ville ha denne krigen, men dei hadde ein mann som stod øvst og styrte det heile. Så det var aldri noko hat frå vår side, seier Bakke.

Bakke var i teneste frå november 1952 til mai 1953. Såleis var han ein del av dei siste troppane som var på tysk jord i denne perioden i det som vart forløparen til dagens FN-styrker.

Målet var aldri hemn, men å fullbyrde freden, fortel Bakke.

– Tyskarane var veldig hyggelege, og vi hadde aldri problem med dei. Ei lita stund før vi reiste heim, inviterte faktisk nokon av dei på mat og underhaldning. Det var til og med ei av desse damene som hadde lært seg norsk, så vi vart veldig godt tatt imot, fortel han.

Stram kar: Bakke var 20 år då han reiste til Tyskland. Det eittårige arbeidet bestod av eit halvt år på Heistadmoen i Norge, og eit halvt år i fredsbevarande styrker i Tyskland. Foto: privat

Ville aldri vore det forutan

Bakke var stasjonert i byen Rendsburg nord i landet.

– Det var aldri nokon spenningar som vi merkte, men vi var i beredskap og trente heile tida. Eg har aldri vore i så god form som eg var då eg kom heim frå Tyskland, seier han.

Sjølv om dagane i stor grad bestod av viktige gjeremål, som patruljering, trening og utflukter, minnest han kanskje mest dei kameratslege aktivitetane utanom teneste.

– Vi måtte finne på ting sjølve. Eg dreiv blant anna litt med boksing, men utanom det så spelte vi mykje kort, hadde oss nokre turar til Hamburg og var blant anna i dyrehagen, fortel han.

Romkameratar: Svein Bakke (t.v.) vart med tida utnemnt til korporal. Her er han avbilda saman med to av dei tre andre romkameratane i Rendsburg. Foto: privat

Så godt treivst han, at når det var tid for den avtala ferieveka der ein kunne reise heim, så valde han heller å bli i landet.

– Nei, eg brydde meg ikkje om det. Eg treivst så godt, så når eg fyrst var der nede, så brukte eg heller ferieveka mi på å reise til Hertz for å gå på ski. Så tida i Tysklandsbrigaden ville eg ikkje vore forutan.

Under opphaldet steig han i gradene til korporal. Det medførte nokre fordelar. 16-mannsrom vart bytta ut med rom til fire, og i tillegg dukka det opp nokre økonomiske fordelar.

– Eg fekk ei krone meir for dag enn dei andre. Og sjølv om eg ikkje røykte, så fekk vi moglegheita til å kjøpe veldig billige sigarettar i kantina. Dei selde eg på gata og fekk mellom anna råd til å kjøpe kameraet som eg har tatt desse bileta med. Så sjølv om eg ikkje akkurat la meg opp pengar, tapte eg i alle fall ikkje noko på å vere i Tyskland, ler han.

Var under britisk kommando

Tysklandsbrigaden var den norske hæren sitt bidrag til dei allierte okkupasjonsstyrkane i Tyskland etter andre verdskrig. Brigaden var utstasjonert under britisk kommando frå 1947 til 1953.

Bakgrunnen for utplasseringa var at den norske London-regjeringa mot slutten av krigen forhandla med britane om våpenleveransar til det norske etterkrigsforsvaret.

Under forhandlingane vart dei to partane til slutt einige, med ein føresetnad at norske styrker måtte delta i okkupasjonen av Tyskland som ein takk for hjelpa under krigen. Brigaden stod under norsk administrasjon, men under britisk kommando, og var utstyrt med britisk utstyr.

Transport: Det var det ombygde tyske krigsskipet «Togo» som frakta soldatane til Tyskland. Då under namnet KNM Svalbard. Turen tok rundt eitt døgn. Foto: privat

Det var i alt tolv brigadekontingentar med totalt 50.000 nordmenn som tenestegjorde desse åra. Av dei mista rundt førti personar livet i teneste.

Forsinka heider

Innsatsen til dei norske soldatane etter krigen har ikkje fått like stor merksemd som det som vart gjort under okkupasjonane.

– Det gjekk vel nesten 50 år før vi fekk noko medalje. Og for tre år sidan vart vi bedne til Akershus av forsvarssjefen, der vi vart heidra på skikkeleg måte med kongen til stades, så det var veldig triveleg.

Som medlem i Veteranforeininga i Sogn og Fjordane har Svein Bakke også vore ein av bidragsytarane til å realisere den nye utstillinga om Tysklandsbrigaden i fjerde etasje av Måløyraidsenteret. Her finst det autentisk informasjon for alle som vil lære meir om det viktige arbeidet som vart gjort av unge nordmenn i Tyskland i etterkrigstida.

Trur ikkje vi får oppleve krig igjen

Svein Bakke var berre åtte år då krigen starta. Sjølv om han ser likskapstrekk i tida før andre verdskrig med situasjonen i Europa i dag, trur han ikkje at vi får oppleve det igjen.

Forsvar: Svein Bakke trekker fram viktigheita av å ha eit godt forsvar, men har ikkje noko til overs for Donald Trump. Foto: Bjørn Erik Drabløs

Likevel legg han vekt på viktigheita av å ha eit sterkt forsvar.

– Eg trur ikkje vi får krig igjen. Men vi i forbundet har heile tida peikt på at vi må halde oppe forsvaret vårt på ein god måte likevel. Russland har bygd opp kraftig, så vi må ikkje slappe av. Men det har blitt betre, og sjølv om vi ikkje trur at det skjer noko, så må vi vere klare til å ta imot det som eventuelt måtte kome, seier Bakke som samtidig kjem med ei åtvaring som trekker parallellane tilbake til andre verdskrig.

– Om ein er ved sine fulle fem, så trur eg ikkje det blir ein ny krig. Men, det skal ikkje meir til enn at éin galen mann kjem til makta. Då veit ein aldri kva som kan skje, seier Bakke med klare hint til situasjonen i dagens USA.

– Han er heilt håplaus etter mitt syn. Han er ikkje begeistra for andre enn seg sjølv, og det er aldri lurt.