Undervisninga vil halde fram som normalt sjølv om bussjåførane streikar

– Sjølv om streiken blant bussjåførane vert utvida frå førstkommande laurdag, vil undervisninga halde fram som normalt ved dei vidaregåande skulane i fylket. Det seier Bjørn Lyngedal, fylkesdirektør for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune.

Sjølv om streiken blant bussjåførane vert utvida frå førstkommande laurdag, vil undervisninga halde fram som normalt ved dei vidaregåande skulane i fylket.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Alle bussjåførar i Vestland ble tatt ut i andre streikeuttak frå laurdag morgon.

– Dette er ein lovleg streik som vil innebere at busstilbodet i Vestland vert stansa. Det vert ikkje gjeve dispensasjon for skulekøyring, noko som inneber at mange elevar ikkje kjem seg til skulen ved ei mogleg utviding av streiken, seier Lyngedal.

– Dei fleste vidaregåande skulane i hele Noreg føljer lik praksis, som er at undervisninga skal skje på skulen, seier Bjørn Lyngedal, fylkesdirektør for opplæring og kompetanse i Vestland.

Også dei elevane som nyttar seg av vanleg rutetilbod vil merke at bussane ikkje kjem. Lyngedal oppmodar elevar som kan gå eller sykle til skulen om å gjere det, eller finne anna transportløysing utan å bryte gjeldande smittevernreglar for skuleskyss.

Må melde frå til faglærar

Elevar som må vere heime grunna manglande skuleskyss vert bedne om å melde frå til faglærar slik at det kan leggjast til rette for arbeid med oppgåver. Elevane kan ikkje forvente å få videoundervisning som følgje av manglande skuleskyss.

Elevane som ikkje kjem seg til skulen på grunn av streiken vil ikkje få fråvær.