Venstre-ordførarane løfta fram Stad skipstunnel

Venstre sine ordførarar i Vanylven og Stad, Lena Landsverk Sande og Alfred Bjørlo, løfta begge fram Stad skipstunnel som sak nr 1 i sine innlegg på Venstre sitt landsmøte i helga.

Venstre sine ordførarar i Vanylven og Stad, Lena Landsverk Sande og Alfred Bjørlo, løfta begge fram Stad Skipstunnel som sak nr 1 i sine innlegg på Venstre sitt landsmøte i helga.  Foto: Venstre

Nyheter

– Stadhavet deler framleis Norge i to. Ein skipstunnel vil binde landet vårt saman sjøvegen. Stad skipstunnel er ikkje eit lokalt prosjekt. Det er ikkje eit vestlandsprosjekt. Det er eit kystprosjekt, eit nasjonalt prosjekt, som skapar stor internasjonal merksemd. Vil vi – så handlar vi! Det er no vi sit med makta – og kan utgjere ein skilnad, sa Venstre-ordførar i Vanylven, Lena Landsverk Sande, i sitt innlegg i generell politisk debatt på landsmøtet.