Aksjonsleiaren vart engasjert under eit folkemøte på grendehuset

Hans Christian Hansen (53) budde eigentleg i Sogndal, men var tidleg på 2000-talet heime på Stadlandet, dei siste tre åra mora levde. Det var på eit møte på Stadlandet grendahus i 2006 gneisten vart tent til motstand mot Okla vindkraftverk.

Aksjonsleiaren: Hans Christian Hansen er leiar i Stad Landskap og den som står fremst i kampen for å stoppe Okla vindkraftverk.  Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Nyheter

– Eg gjekk på eit folkemøte på grendehuset i den perioden eg budde heime. På møtet var representantar frå både Olje- og energidepartementet og Norges vassdrags- og energidirektorat for å fortelje om prosjektet. Eg vart sitjande og høyre, og eg opplevde det som at dei ikkje kunne svare på eit einaste spørsmål. Både Stad Landskap og turlaget var til stades på møtet. Vi kom i kontakt etter møtet.