Sjå kva lokale kommunar får

Den nye kystkommunen får 10,3 millionar frå fondet dei neste to åra, medan naboen får 38,6 millionar i år

Stad kommune får utbetalt 10,3 millionar kroner frå Havbruksfondet i 2020 og 2021. Midlane blir fordelt med 7,1 millionar kroner i 2020 og 3,2 millionar i 2021.

Stad kommune får utbetalt 10,3 millionar kroner frå Havbruksfondet i 2020 og 2021. Midlane blir fordelt med 7,1 millionar kroner i 2020 og 3,2 millionar i 2021. Her Stad-ordførar Alfred Bjørlo (V) og gruppeleiar Gunnar Silden (V).   Foto: Marianne S. Rotihaug

Nyheter

– Vi ser det som svært viktig at regjering og storting styrkar økonomien til kommunar som legg til rette for havbruksnæringa. Det vil bli ein sterk vekst i havbruksnæringa i Norge i åra framover, og eit samla kommunestyre i Stad har nyleg vedteke at vi skal legge til rette for å utnytte det potensialet vi har innanfor havbruk også i vår kommune. Lokal verdiskaping må gje lokale inntekter – Høgre, Venstre og Kristeleg Folkeparti vil arbeide for at det kjem oss alle til gode i åra framover.