Topplassering i kundekåring

Desse blei best på tillit og omdømme for andre år på rad

Den årlege bransjeundersøkinga til EPSI viser at kundetilfredsheita i bankbransjen har gått ned, men Sparebanken Sogn og Fjordane går mot straumen og har endå meir nøgde kundar enn i fjor. – Fantastisk stolt, seier direktør for privatmarknad, Linda Vøllestad Westbye. 

Linda Vøllestad Westbye (i midten), saman med to av kunderådgjevarane i banken: Inger Helene Øvrebø og Torbjørn Olset. – Eg er veldig stolt av rådgjevarane våre som står på kvar dag for den gode kundeopplevinga, seier ho.   Foto: Sparebanken Sogn og Fjordane

Nyheter

For andre året på rad er Sparebanken Sogn og Fjordane med i EPSI-undersøkinga, som undersøker kundetilfredsheita for privatmarknadkundar i bankbransjen.