Marita var den einaste som stemte imot vindkraftverket på Okla i 2008

Marita Aarvik seier ho har jobba mot vindkraft på Stadlandet sidan ho høyrde om den første planen som inneheldt anlegg på Hoddevikfjellet i tillegg til Okla.

20 år med motstand: Marita Aarvik seier ho har jobba mot vindkraft på Stadlandet sidan ho høyrde om den første planen som inneheldt anlegg på Hoddevikfjellet i tillegg til Okla. Foto:   Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Nyheter

Marita Aarvik (57) skal ikkje skuldast for å vere ein «vindfugl» i Okla-saka. Ei som er imot når ho ser at sterke krefter langs heile kysten mobiliserer mot dei 150 meter høge installasjonane vi ser stadig fleire av i naturen kring oss. Ho har vore motstandar sidan ho høyrde om prosjektet første gong. I 2008 var ho den einaste som stemte imot i Selje kommunestyre.