Naudetatane har rykt ut til trafikkulukke

Illustrasjonsfoto  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Tysdag morgon fekk Vest politidistrikt melding om ei trafikkulukke.

Ein bil skal ha vore innblanda i ulukka på Fv 614 i Myklebust ved Ålfoten i Bremanger.

Ulukka skal ha skjedd litt før klokka 07.00, opplyser politiet.

Det var først uvisst kva personar som var i bilen og kva som hadde skjedd.

Oppdatering:

Litt før klokka 07.30 tysdag morgon melder Vest politidistrikt at brannvesenet er framme på ulukkesstaden.

Dei melder om at føraren var åleine i bilen og at han er bevisst. Dei melder også at det er store materielle skader på bilen.

Politiet opplyser at vegen er heilt stengd medan naudetatane jobbar på staden.

Føraren av bilen vart frakta til Førde Sentralsjukehus med ambulanse.