Klimaendringane gjer at fylke og kommunar må tilpasse planane sine

Klimaendringane fører til meir ekstremvêr internasjonalt, nasjonalt og lokalt. Norsk Klimaservicesenter har utarbeida klimaprofilar som skal hjelpe kommunar og fylke å tilpasse seg endringane.

Klimaendringane fører til meir ekstremvêr internasjonalt, nasjonalt og lokalt. Norsk Klimaservicesenter har utarbeida klimaprofilar som skal hjelpe kommunar og fylke å tilpasse seg endringane. Bildet viser eit jordras som gjekk mellom husa i Vassenden i Jølster kommune.   Foto: Audun Braastad/ NTB / NPK

Nyheter

– Vi har utarbeida klimaprofilar for kvart fylke – basert på rapporten Klima i Noreg 2100. Den rapporten tar for seg endringar i historisk klima, forventa klimaendringar i framtida og påverknaden endringane vil ha på naturendringar som flaum og skred, sa Anita Verpe Dyrrdal, leiar for Norsk Klimaservicesenter og forskar i Meteorologisk institutt, under eit webinar i regi av Miljødirektoratet tysdag.