Skal du heim i haust?

Lovar ei trygg og tradisjonsrik helg for små og store

Det blir nokre endringar i samband med det trettande Heim i Haust-arrangementet på Raudeberg til helga. Men arrangørane lovar samstundes at den velkjente stemninga skal vere til stades.

Heim i Haust: Edvard Iversen (t.h) i Aktiv Raudeberg forsikrar at dei som kjem til Raudberg under årets Heim i Haust-arrangement skal føle seg trygge med tanke på smittevern. Sjølv om ting ikkje blir heilt som før, vil det bli innslag frå kjente og kjære musikarar - som Torskanger Musikklag og Isak Søraa.  Foto: Arkiv, Fjordenes Tidende

Nyheter

Det er sjølvsagt koronasituasjonen som gjer at årets arrangement vert noko nedskalert. Programma på dagtid blir det ikkje gjort dei store endringane med, men den store tilstellinga på kveldstid laurdag, går ut av omsyn til smittevern.

– Vanlegvis har vi oktoberfest på kvelden laurdag, men den må dessverre gå ut til fordel for ein quiz. Då har vi litt meir kontroll med tanke på at alle sit ved borda. Men på kvelden fredag, får vi som vanleg med oss Torskangerpoll Musikklag som skal framføre høgdepunkt under tittelen «Feeling Good» med gjesteartistar som Gro Helen Haugen og Isak Søraa, seier Edvard Iversen i Aktiv Raudeberg, som lovar tryggleik i alle ledd av arrangementet.

Tar sikkerheit på alvor

– Vi er så klart spente på besøket på grunn av covid-19, men folk skal ikkje vere redde for å kome til oss. Alt av smittevernreglar vil bli overhalde, og vi har rikeleg med Antibac og ekstra vakter som skal passe på, seier han.

Årets Heim i Haust-arrangementet er som før ein stad der lokalt næringsliv kan få vist seg fram, både for framtidige arbeidstakarar og for folk som allereie bur her. I år som i fjor skal ungdommen få kjennskap til moglegheitene som er på heimebane før dei må ta eit val om kva retning livet skal gå etter skulen.

Allereie torsdag skal elevar frå Måløy vidaregåande skule få ei innføring i moglege karriereval i eige distrikt. Fredag er det elevar frå ungdomsskulane i Måløy, Selje og på Stadlandet som skal få viktig informasjon.

– Det er tredje året vi inviterer elevane med på dette. Det er noko som bedrifter og næringsliv har vore veldig «på» at vi skal gjere for at dei skal kunne vise og synleggjere kva næringsliv vi faktisk har i distriktet, seier Iversen.

Som vanleg nok å gjere

Det vil som vanleg vere nok aktivitetar for dei som tar turen til Raudeberg denne helga. Kystkulturlaget vil vere på sin vante plass, og dei som likar å køyre radiostyrte anleggsmaskiner får høve til det. Nytt av året er at det i garasjen ved Parken kulturhus vil bli lagt til rette for minitraktorar som dei minste kan få bryne seg på.

Laurdag vil det òg bli opning av den nye motocrossbana i Vedvik.