Sju bilførarar var for tunge på gassen og måtte punge ut

Fleire bilførarar hadde det travelt då Utrykkingspolitiet hadde kontrollar på vegane i Nordfjord onsdag.

Illustrasjonsfoto  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Sju bilførarar fekk forenkla førelegg då Utrykkingspolitiet (UP) hadde fartskontroll onsdag.

I 50-sona på Nordfjordeid så var det fem bilførarar som køyrde for fort og fekk forenkla førelegg, opplyser UP. Høgste fart her var 68 kilometer i timen.

Seinare på kveld så var det fartskontroll på Rv 15 i Almenningen i 80-sonen. Her var to bilførarar stansa for å køyre for fort. Høgste fart var 97 kilometer i timen.