Skal brenne ned dette bustadhuset som del av ei øving

Kinn brann og redning skal torsdag ettermiddag gjennomføre ei brannøving i Vågsvåg.

Øving: Jon Inge Henden og Kim Hjelle i Kinn Brann og Redning skal saman med mannskapet gjennomføre brannøving ved dette huset i Vågsvåg torsdag ettermiddag.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Som ledd i øvinga vil dei mellom anna kontrollert brenne ned eit bustadhus i Oppedalsvegen. Ein vil med andre ord kunne sjå utrykkingskøyretøy langs vegen frå Måløy i dag.

Det er eit eldre hus mannskapet skal øve på, og det skal brennast ned til grunnen.