Tapar pengar på at staten no sjølv vil dele ut midlar til trossamfunna

– Uansett om staten tek frå oss, eller overfører nye oppgåver til kommunane, så endar det med at vi tapar økonomisk. Er det greitt?

Frå 2021 overtek staten oppgåva med å dele ut midlar til trussamfunna, ein jobb kommunane har gjort så langt. Det vil Kinn kommune merke på dei statlege overføringane.

Frå 2021 overtek staten oppgåva med å dele ut midlar til trussamfunna, ein jobb kommunane har gjort så langt. Det vil Kinn kommune merke på dei statlege overføringane.   Foto: Gjert Myrestrand

Nyheter

– I statsbudsjettet seier dei at årsaka til at dei vil overta oppgåva, er at det ikkje ligg noko skjønsutøving til den. Det betyr at vi ikkje treng å vurdere før vi utbetaler midlane til mottakarane. Det kan vere rett. Dei vert fordelt etter medlemstal. Det er likevel ikkje slik at det er robotar i kommunen som har gjort denne jobben til no. Vi og andre kommunar har nytta tilsette til det, seier kommunedirektør i Kinn, Terje Heggheim, i sitt fredagsbrev.