Det var ikkje berre hotellplanane som var spektakulære

I samband med folkemøtet i Selje fredag kveld, la Stad kommune, ved ordførar Alfred Bjørlo, fram storstilte visjonar for korleis bygda kan bli sjåande ut om ti år. Han samanlikna situasjonen i Selje med det som var status for hans eiga bygd for nokre år tilbake.

Visjon: Ein skal vel kanskje ta det med ei klype salt, men Bjørlo argumenterte for at det meste er mogleg og viste til situasjonen på Nordfjordeid for ti år sidan kontra slik den framstår i dag.  Foto: Stadsutviklaren

Nyheter

– Då sette vi oss rett og slett ned og teikna ein heilt konkret framtidsvisjon for Nordfjordeid, og korleis det kunne sjå ut fem år fram i tid. Og no ser vi at vi praktisk talt har klart det, og er i mål med planane, sa Bjørlo og viste til Sagastad, utbygginga av kjøpesenteret og badestranda med meir.