Heldt tradisjonane ved like i trygge rammer

Det er ikkje Heim i Haust utan Torskangerpoll musikklag. Trygge rammer sikra at det også i år vart underhaldning for bygdefolk og tilreisande på Raudeberg.
Nyheter

Med konserten «Feeling Good» sørga musikklaget for kanonstemning i Parken Kulturhus fredag kveld. Med seg på laget hadde dei Gro Haugen og Isak Søraa som solistar.