I dag får du vite meir om symjehallen og pilegrimssatsinga. Og ikkje minst får du sjå korleis det nye hotellet blir sjåande ut

Stad kommune og Selje næringsforening inviterer i dag til ope møte om korleis ein i i fellesskap kan utvikle Selje som ein livskraftig stad å bu, besøke og drive næring.

I dag får du vite meir om symjehallen og pilegrimssatsinga. Og ikkje minst får du sjå korleis det nye hotellet blir sjåande ut.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Nyheter

Møtet er ope for alle. Alle som bur i Selje, driv næring eller har særleg interesse for staden er velkomne. Møtet vil også bli strøyma direkte på Fjordenes Tidendes nettside kl. 16.00.

Her er programmet for dagens møte:

Kl. 16.00: Velkomst/innleiing

v/ ordførar Alfred Bjørlo og Kommunalsjef Kristine Dahl

Kl. 16.10: Selje Næringsforening

«Vår draum for Selje» v/ styreleiar Oddvar Flølo

Kl. 16.25: Stad kommune

• Kloster- og pilegrimssatsinga; Ny bruk av Selje prestegard med meir v/ Gerd Fløde Bjørlo

• Politiske saker om symjehall, fleirbrukshall og flytting av legekontor: Tilrådingar til politikarane og bakgrunnen for desse tilrådingane v/ Kristine Dahl

Kl. 16.45: Selje hotell Invest

• Status for arbeidet med nytt hotell. Presentasjon av moglegheitstudie for nytt hotell v/ investorgruppa entrepenør HENT og arkitekt LINK

Kl. 17.15: Stad kommune/Stadutviklaren

• Framtidsbilete for Selje 2030 v/ Vicente Ferrando og Kristine Dahl

Kl. 17.25: Andre aktørar: Korleis vi kan skape eit betre framtidig Selje?

• Selje trivsel

• Selje idrettslag

• Blåmyra

Kl. 17.40: Ordet fritt – spørsmål/kommentarar

Møteslutt seinast kl. 18.15.