Slik ser investorane for seg det nye hotellet ved sanden

Endeleg fekk bygdefolket sjå investorgruppa sin visjon for korleis eit framtidig hotell i Selje kan bli sjåande ut. På eit folkemøte fredag la dei fram planar og teikningar.

Flott: Fredag presenterte investorgruppa i Selje dei storstilte planane for korleis det nye hotellet i bygda kan bli sjåandes ut. På bildet ser ein korleis området kan bli om samarbeidet med kommunen blir ein realitet.   Foto: LINK Arkitektur

Nyheter

Det tre etasjar store hoteller strekker seg over tre tomter og skal romme over 60 rom av ulik storleik, restaurant, bar, peisstove, storsal, velværesenter, basseng og treningssenter. Dei fleste fellesfunksjonane er vendt mot vest og sjøen.