Treng fleire digitale bøsser

Varaordfører i Kinn kommune, Sidsel Kongsvik, etterlyser fleire digitale bøsseberarar til årets TV-aksjon.

Varaordførar Sidsel Kongsvik (Sp) seier at det trengs fleire digitale bøsser til TV-aksjonen i Kinn kommune. Årets TV-aksjon samlar inn pengar til World Wildlife Fund (WWF) sitt prosjekt for å hindre at plast endar opp i havet.   Foto: Marianne S. Rotihaug

Nyheter

– Kinn kommune treng fleire digitale bøsser til TV-aksjonen 18. oktober, seier varaordførar Sidsel Kongsvik (Sp) til Fjordenes Tidende.

NRK sin tradisjonelle TV-aksjon er søndag 18.10.2020, og går til WWF sitt arbeid for å hindre at plast havnar i havet.


Kampen mot plast i havet

Dro i land 90.000 kroner på ei to timars bedriftsrunde i kommunen

Onsdag besøkte ordførar Alfred Bjørlo og varaordførar Siri Sandvik i Stad kommune bedrifter på Nordfjordeid, Selje og Stadlandet og utfordra dei til å gi bidrag til TV-aksjonen 2020, som går til kampen mot plast i havet. Dato for aksjonen er søndag 18. oktober.


I år kjem det ikkje bøsseberar på døra di, men du kan vere med å bidra ved å gje til ein av dei digitale bøssene du finn på blimed.no.

– På denne nettsida kan du søke fylke og kommune for å få oversikt over aktive bøsser i din kommune. Du kan og opprette di eiga digitale bøsse som du kan dele med venner og kjente gjennom sosiale media, SMS, eller e-post, seier Kongsvik.


Ber kystfolk vere rause når dei gir

Varaordførar Sidsel Kongsvik i Kinn meiner årets TV-aksjon går til eit formål som er spesielt viktig for kysten.


Per i dag, fredag, er det 29 aktive digitale bøsser i Kinn kommune. Til saman er det samla inn 34.281,- kroner, som svarar til cirka 2 kroner per innbyggar.

– For å nå ut til fleire skulle vi hatt fleire bøsser i aksjon. Kinn kommune vil spesielt oppfordre lag, organisasjonar og bedrifter til å opprette si eiga digitale bøsse og dele med sine medlemmer eller tilsette. Eg vil elles oppfordre personar og bedrifter til å gje etter evne til eit godt og viktig formål, avsluttar Sidsel Kongsvik.


Varaordføraren er klar for å hoppe i havet når ho har samla inn 5.000 kroner

I Stad kommune har varaordførar Siri Sandvik sagt at ho badar i sjøen når bøssa hennar inneheld 5.000 kroner. Ho har også utfordra ordførar Alfred Bjørlo til å gjere det same.