Skal leie arbeidet med å etablere eit eige fylkeslag

Tidlegare Selje-ordførar Stein Robert Osdal skal leie interimstyret som skal jobbe med å etablere Sentrum Vestland.

Interimstyret består av Stein Robert Osdal (leiar), Audun Mundal frå Gloppen, Marita Bru frå Austerheim, Arez Sharif frå Bergen, Paal Myklebust frå Fyllingsdalen, Trond Gammelsæter frå Knarrevik og Marianne Tomren frå Bergen.  Foto: Privat

Nyheter

Laurdag 17. oktober var det samla 18 personar i Bergen for startskotet med å etablere partiet Sentrum Vestland. Dei 18 representerte eit breitt politisk landskap frå høgre til venstre i norsk politikk.