Ber om streaming

Har ikkje tru på at innbyggjarane reiser i to timar for å følge møte i politiske utval

Kinn Senterparti ønskjer endå meir openheit for innbyggjarane , og speler inn ei sak til møtet i utvalet for oppvekst og kultur neste veke.

Kinn Senterparti ønskjer endå meir openheit for innbyggjarane , og speler inn ei sak til møtet i utvalet for oppvekst og kultur neste veke.  Foto: Svanhild Breidalen

Nyheter

Dei vil gjerne at møte i dei politiske utvala, ikkje berre i formannskap og kommunestyret, skal streamast. Spesielt gjeld dette møte i Oppvelst- og kulturutvalet.

– Utvalsmøta i Kinn kommune er opne for innbyggarane. Dei kan stille opp fysisk og vere tilhøyrarar om dei ønskjer. Mange saker som vert tatt opp i utvalet for oppvekst og kultur er av interesse for innbyggarane. Om møtet vert halde i Florø ser vi i Sp det som lite sannsynleg at innbyggarar frå Måløy med interesse for saker tar båt, eventuelt køyrer i over to timar for å følgje møtet. Dette gjeld sjølvsagt også om møtet vert halde i Måløy for innbyggarane frå Florø, skriv partiet til utvalet.

Dei fremmar derfor følgjande forslag til møtet 27. oktober:

«Oppvekst og kultur ønsker å gjere møte i utvalet tilgjengelege for innsyn for innbyggjarane ved å streame alle møta i utvalet».