Ulovleg jakt, vindkraft og slagsmål engasjerte lesarane

Blant dei mest leste sakene på fjt.no denne veka finn vi saka om at politiet mistenker ulovleg jakt.

  Foto: Politiet

Nyheter

Laurdag i førre veke vart det gjort funn av slakteavfall av hjort ved Myravatnet. Jegerane i området kjenner ikkje til dette, og politiet mistenker difor ulovleg jakt.

– I løpet av dei to siste vekene har vi fått to ulike meldingar og mistankar om tjuvjakt. I samband med dette ønsker vi tips frå publikum om nokon har sett eller høyrt noko som kan vere av interesse, sa tenestestadsleiar i Bremanger, Espen Gulliksen, til Fjordenes Tidende.

Saka kan du lese her.

Eit lesarinnlegg om vindkraft er også blant dei mest leste sakene på fjt.no denne veka. Dette innlegget er skrive av Jon Frogner og har tittelen «Miljøskandalen til Falck Renewables og SFE skrider fram».

Fleire nyheiter frå politiet har også skapt engasjement blant lesarane. Sakene om at ein mann vart sendt til legevakta etter å ha blitt slått bevisstlaus, saka om at politiet registrerte 110 hendingar på ei natt og saka om at ein nabo klaga på bråk og trudde nokon trengde hjelp er alle godt lest.

Denne veka vart det kjent at innehavarane av den populære restauranten Natas Thaimat har bestemt seg for å legge ned. Denne saka var det mange som ville lese. Har du ikkje lest den enda? Det kan du gjere her.