Alle naudetatar var i aksjon for å finne mann som var sakna på sjøen

Klokka 22.45 laurdag kveld fekk Fjordenes Tidende bekrefta av politiet at mannen er funnen. Då hadde han vore ute sidan klokka 16 same dag.

Illustrasjonsfoto 

Nyheter

Vest politidistrikt opplyser at dei fann mannen i 20-åra ved hjelp av redningshelikopter.

Båten hans skal ha kantra like ved Skorpeholmane.

Vedkommande framstår i god form og er tatt om bord i Kystvaktskipet. Og det skal ikkje vere behov for legetilsyn, melder Vest politidistrikt.

Vedkommande drog ut rundt klokka 16 for å dra teiner, åleine i ein 20 fots båt med påhengsmotor. Bortsett frå det, er det foreløpig ukjent kva som skal ha skjedd.

Kystvakt, redningsskøyte, redningshelikopter, mannskaper frå Røde Kors og brannbåt med dykkarar søkte etter mannen fredag kveld, og 22.45 kunne ein altså bekrefte at han var funnen.